Vindkraft

Frå krise til medvind for Kitemill – henta 50 millionar i løpet av 2023 

Nederlandsk investor investerte 18 millionar i Kitemill rett før nyttår. Gründer Thomas Hårklau fortel om ny rekord for investeringar i løpet av eitt år. 

Straumproduksjon: Ser du nøye etter kan du sjå lina som er festa mellom dragen (kiten) og stasjonen på bakken. Thomas Hårklau (oppe) og Asgeir Løno i Kitemill utviklar ny teknologi for høgde-vindkraft.
Publisert Sist oppdatert

– Dei siste 18 månadene har vore tøffe å finansiera, og me har fleire gonger lurt på om me må nedskalera, men me har akkurat unngått det. Dei siste månedene synes me haldningane til å investera i høgvind-kraft har endra seg, seier Asgeir Løno, økonomisjef i Kitemill.  

Rett før jul gjekk den nederlandske investoren André Polderman inn med 18 millionar kroner. Det vert den tredje runden med innhenting av kapital i 2023.

 I byrjinga av 2023 henta dei 25 millionar kroner saman med Folkeinvest, før dei henta kring åtte millionar gjennom ein internasjonal folkeinvesteringsrunde i juli med Crowdcube

Bill Gates-fondet Breakthrough Energy Ventures har også meldt sin interesse, skreiv Bergens Tidende i fjor. 

Vind i håret: Økonomisjef Asgeir Løno er optimistisk inn i det nye året og vurderer bruka pengane raskare enn planlagt.
Fleire folk: Dagleg leiar Thomas Hårklau oppmodar dyktige ingeniørar om å ta kontakt.

Dragevind i høgda 

Vindselskapet frå Voss skal produsera straum ved hjelp av dragar (kiter) som er 250 til 300 meter oppe i lufta. Nede på bakken er dragen festa til ein vinsj gjennom ei line. I vinsjen er det ein generator som produserer straum, jo meir straum jo høgare dragen flyg. 

Gjennom eit pilot har dei bevist at det fungerar. 

Dei har no nok pengar til drift i 12 månader, men treng framleis meir til å utvikla løysinga. 

– Me sette ny rekord for henting av pengar i løpet av eitt år. Me har ikkje klart å få inn så mykje på så kort tid tidlegare, seier gründer Thomas Hårklau. 

– Men om risikokapital byrjar å bli meir tilgjengeleg vurderer me å bruka dei litt raskare, seier Løno. 

Sjølv om kapitalinnhentinga gjekk bra i 2023, betyr ikkje det at selskapet går i pluss. 

– Me har berre offentlege stønader og kostnader. Kitemill brukar kring 25 millionar kroner i året. Me vil tidlegast ha inntekter i 2026, seier Løno. 

Kitemill

  • Gründa av Thomas Hårklau i 2008. 
  • Verdsleiande innan høgvind-teknologi. 
  • 25 engasjerte, der halvparten er fast tilsette. Dei tilsette jobbar på Voss og Lista i Norge og internasjonalt. 
  • Utviklar teknologi for høgvind-produksjon, som skal gjera det mindre ressurs- og arealkrevjande å produsera store mengder straum samanlikna med dagens vindturbin-løysingar. 
  • Henta rundt 50 millionar kroner i 2023. 

Vidare utvikling og nye folk 

Kitemill vil bruka pengane til å vidareutvikla teknologien, og til å tilsetja fleire folk. 

– Me er på jakt etter ingeniørar som ynskjer å jobba ved forskningssenteret vårt på Lista. Me oppmodar dyktige folk om å søkja. Me ynskjer folk med ekspertise innan programvare og kunstig intelligens. Der skjer det mykje spennande no, seier Hårklau. 

Kitemill søkjer etter både teknologisjef og kvalitetssjef. 

Dei har alt engasjert Torben Baun – som kjem frå vindturbin-selskapet Vestas Wind Systems. Baun har utvikla over hundre patent for Vestas, og skal jobba med strategisk og teknisk planlegging i Kitemill. 

I tillegg til utviding av staben er verksemda i gang med å planleggja neste investeringsrunde og ny søknad til EU. 

– Me har totalt fått seks millionar euro gjennom EU sitt innovasjonsfond og EIC. No er me i gang med ein ny søknad på 2,5 millioner euro, seier Hårklau. 

 Frå Noreg har dei fått støtte frå Skattefunn i 2023. For å rigga seg til støtte frå andre forskinsgfond, held dei på å byggja opp fire ulike forskningsgrupper. Kitemill er omtala i Energi21 – som er norsk forskingsstrategi på energiområdet. 

Treng 150 millionar 

– Kva er målsetjingane framover no? 

– Me vil ha ein så automatisk operasjon at me ikkje treng fysisk personal på bakken for å demonstrera, samt byggja fysisk 100 kilowatt-system. Per i dag har me eit 20 kilowatt-system. Å auka til 100 kilowatt-system krev ein større finansieringsrunde, seier Løno. 

Budsjettet for utviklingsarbeidet er på 75 millionar kroner, og nye 75 millionar for demonstrering av ny teknologi i stor skala, med ein høgdevind-energipark på 1,2 megawatt (ein slik energipark svarar til årsforbruket til kring 500 husstandar.)

Kring halvparten av pengane har dei i sikte, men særleg utviklingsarbeidet treng dei meir finansiering til. 

– Det er mogleg å gjera utviklinga på to år om alt går vår veg, men det føreset at me auker budsjetta våre og henter meir finansiering i fyrste halvår 2024, sier Løno. 

Få gratis nyhetsbrev

Abonner på Shifters nyhetsbrev for de siste nyhetene, trendene og analysene.