Sirkulærøkonomi

Kravlande larver fekk inn 16 millionar via Folkeinvest 

Larvene frå Voss går til både mat, fôr og gjødsel. No satsar Invertapro mot fiskefôrmarknaden, og skal snart utvida med ein endå større larvefabrikk. 

Proteinkilde: Millionar av larver kravlar rundt i blå kasser i pilotfabrikken til Invertapro på Voss.
Publisert

– At me fekk så god respons i Folkeinvest, viser at dette treffer folk. Ein aksje er ei stemme for den framtida du vil ha, seier Alexander Solstad Ringheim, gründer og dagleg leiar i Invertapro.

Like før jul fullførte larvefabrikken ein finansieringsrunde hjå Folkeinvest. Målet var 15 millionar kroner, men det vart fullt. Då utvida dei med éin million til. Dei som leia an var BIR (Bergen interkommunale renovasjonsselskap), Norgesgruppen og Fana Sparebank

16 millionar seinare er både Ringheim og økonomisjef Trude Tronerud Andersen godt nøgde. 

– Det var ein kjempesuksess. Dei siste åra har me testa mykje. No vil me etablera oss i marknaden, seier Andersen. 

 På nyåret starter dei jakta på ein salssjef som skal få ansvar for å få produkta opp, ut og fram. 

 Dei meiner potensialet for produkta er veldig gode. 

– Det vert kasta 59 milliarder tonn matavfall i Europa årleg. I Noreg er det 1,2 milioner tonn med avfallsstrømmer som kan verta til larvemat, seier Andersen. 

Invertapro

  • Held til i Voss næringspark 
  • Eigarane er gründere, familie, venner og strategiske aktørar i verdikjeden 
  • Ti tilsette 
  • Oppdrett av insekt sidan 2017 
  • Har gått frå kjellarproduksjon til industrilokale
  • Skal levera 200 tonn fiskefôr til Skretting i pågåande forskningsprosjekt. 
  • Har planlagt å produsera 5500 tonn med insektprodukt innan 2027. 
  • Hadde inntekter på 2,5 millioner kroner og eit driftsresultat på minus 7,5 millionar kroner i 2022. 
  • Et foreløpig resultat på minus 1,5 millioner kroner i 2023. 

Larver til lunsj

Valets kval: Både sjokolade og tørka larver står på lunsjbordet til Alexander Solstad Ringheim og Trude Tronerud Andersen.

Inne på lunsjrommet til Noregs fyrste larvefabrikk står det både ein skål med Twist og ei skål med tørka larver på bordet. Gründer og dagleg leiar Aleksander Solstad Ringheim strekk seg etter ein sjokoladebit. 

– Et de larver kvar dag her, eller? 

– Ja! Me brukar å ha det på salaten eller berre eta det med salt, seier økonomisjef Trude Tronerud Andersen. 

Men dei vil ikkje at intervjuet skal handla om larver som menneskemat. 

– Ofte vert det fokus på larver som menneskemat. Mange synest det er veldig spesielt. Fakta er at 99,6 prosent av produkta våre går til dyrefôr og plantegjødsel, fortel Ringheim. 

Larvene innheld 50 prosent protein og kan vera ein god proteinkjelde både for menneske og dyr, men larver som menneskemat opplevast framleis veldig uvant for mange, fortel dei. 

Billemat: Frukt og grønt både i fast og flytande form vert servert i fabrikken. Desse skal få nye generasjonar med larver.

Difor satser dei ikkje mot menneskemat-marknaden no. No er det dyrefôr som gjeld. 

Eit fôrprodukt for hobbyhøns er nettopp lansert og eit forskningsprosjekt retta mot lakseoppdrett er i gang saman med fiskefôrprodusenten Skretting

– Ungfisk et insekt naturleg. Er det ikkje betre at fisken får eta insekt vidare også då enn importert soya, spør Ringheim og smilar lurt. 

Over 5000 tonn 

I Noreg er det eit underdekka behov for fiskefôringrediensar på 500.000 tonn, ifylgje ein rapport frå Forskningsrådet. Her ynskjer Invertapro å bidra. 

I tillegg sel dei også larvebæsjen. Dette vert til plantenæring som er godkjent som økologisk gjødsel. 

Totalt har dei mål å selja 1200 tonn tørka insektprotein (tilsvarande 3600 tonn levande larver) og 4300 tonn insektsekret til plantegjødsel hvert år. 

– Me har ingen tilsetningsstoff eller kjemikalier i produksjonen, og sit heller ikkje igjen med noko avfall. Alt vert brukt, seier Ringheim. 

Inne i varmen 

Me tek på oss blå skoposar og tek turen inn der det skjer. Inne i larvefabrikken er det varmt, kanskje kring 25 grader i lufta. Alt må vera ideelt for larvene som skal veksa her. 

Langsmed veggane står blå kasser stabla både bortover og oppover mot taket. I kvar kasse kravlar det hundrevis av bittesmå larver. Det er dempa ljos her hjå dei. Ringheim tek på lommelykta på mobilen for at det skal bli lettare å sjå oppi kassene. 

I den andre enden av lokalet står ein robot som med lange «armar» som er programmert til å mellom anna henta kasser med larvar og gje dei fôr. Dei får ein spesiallaga smoothie eller tørt kvernet fôr, laga av matsvinn frå Norgesgruppen-butikkar. 

Fôringsmaskinen har dei jobba mykje med å laga akkurat slik dei ynskjer han skal vera. Dei har søkt om å få patent på nyvinninga, noko som no er til handsaming. 

I ein annan kasse held nokre biller på å kravla og eta på nokre gulrøtter. Desse billene skal produsera nye larver. 

Inne i fabrikken: Alexander Solstad Ringheim tek ein titt opp i ein av kassene med larver.

Lønnsomme larver

 – Alle kan produsera larver. Formålet vårt er å setja saman eit bærekraftig og kommersielt fungerande system, seier Ringheim. 

På nettstaden har dei slagordet «insekt for ein sirkulær økonomi». Pilotfabrikken er utvikla gjennom ei rekkje forskningsprosjekt sidan 2016, der bedrifta har opparbeida seg kompetanse innan både biologi, automatisering og sluttprodukt. 

– No er me klare til å ta steget til automatisert kommersiell produksjon i ein større fabrikk, seier Ringheim. 

Skal skipa biopark 

 I 2025 skal det verta ein realitet. Då skal Voss Biopark stå klar. Målet er å skapa ein moderne industripark der bedriftene drar nytte av kvarandre sine restprodukt og kompetanse. Her skal Invertapro etter planen byggja ein større fabrikk, i umiddelbar nærleik til mellom anna renovasjonsselskapet BIR. Då kan dei få matsvinn direkte frå renovasjonsselskapet. 

– Me har brukt fire år på å utvikla prosessen og testa ulike maskiner for handtering av matsvinnet. Når me ser at me lukkast her, er målet på sikt å starta opp fleire liknande fabrikkar andre stader i Noreg, seier Ringheim. 

Få gratis nyhetsbrev

Abonner på Shifters nyhetsbrev for de siste nyhetene, trendene og analysene.