Automatisering

Oppstarten vil fase ut fysiske adgangskort:
– Så enkelt at sjølv ein minister kan få det til

No kan tida for fysiske adgangskort snart vere forbi, ifølge gründer i PocketID. Kommunalminister Erling Sande «avduka» dei fyrste digitale nøklane denne veka. 

DIGITAL OPNING: Kommunal - og distriktsminister Erling Sande deler nøklar med dei tilsette i Direktoratet for Byggkvalitet.
Publisert Sist oppdatert

– Dette er jo så enkelt og brukarvennleg at sjølv ein minister kan få det til, sa kommunal - og distriktsminister Erling Sande då han trykka i veg og delte ut digitale nøklar hos oppstartverksemda PocketID i Breim i Nordfjord. 

PocketID ønsker å gjere det enklare for både arbeidsgivar og arbeidstakarar å handtere adgangskort i næringslivet. Ein app på mobilen skal erstatte plastkortet. 

Historien bak PocketID

  • Spring ut frå fotobedrifta Reed Foto/Eurofoto, som held til i Breim i Gloppen kommune, ein time nordaust for Førde. 
  • Eurofoto blei gründa av Per Svein Reed og Atle Hauge i 2000 og var blant dei første i verda som dreiv med fremkalling av digitale bilete, og hadde kundar i 80 land. 
  • Eurofoto blei selt til Japan Photo og seinare lagt ned i 2018. 
  • Reed Foto driv med skulefotografering i heile Noreg.  
  • I 2012 begynte dei å laga digitale studentkort til elevar i vidaregåande skule og fagskuler. 
  • I 2014 gründa Per Svein Reed, Rune Sunde og Sindre Seppola Reed PocketID fordi dei såg eit behov for effektivisering og digitalisering av elevkort ute hjå skulane. 
  • Frå 2016 har dei digitale elevkorta gitt tilgang til både skuleskyss, frå 2020 har mobilt adgangskort blitt testa.  
  • Elevar ved til sammen 300 skular i heile landet brukar dei digitale adgangskorta frå selskapet til å koma seg inn i totalt xx ulike bygg. 
  • I 2023 utvida PocketID staben og satser no mot næringslivet i Noreg - og deretter Norden. 
  • PocketID eigast av gründerane og dei tilsette. 
  • Verksemda har landa den fyrste kunden i næringslivet - Direktoratet for byggkvalitet i Oslo og på Gjøvik.     

– Per i dag ligg næringslivet langt bak i utviklinga og er avhengige av fysiske plastkort. vi veit til dømes at bedrifter sender plastkort med taxi for at folk som skal få kome seg inn i bygg. Det er tungvint, seier gründer og dagleg leiar Sindre Seppola Reed i PocketID. 

– Dei har utvikla ei løysing som gjer kvardagen enklare og reduserer dei administrative kostnadene, seier Sande. 

Eitt av hans direktorat blir no kunde av tech-bedrifta. 

170.000 brukarar i skulen 

Sidan 2016 har dei levert digitale adgangskort for elevar og tilsette ved 300 vidaregåande skular og fagskular i Noreg. 

Over 170.000 elevar brukar løysinga til PocketID. 

Førebels er det testing av doropnar-funksjonen ved fem skular. 

PocketID leverer til skular i alle fylke unntatt Agder, Troms og Finnmark. Der er det Visma som har anbudet. 

Visma Enterprise AS tilbyr digital student-id som ein del av «Visma InSchool» som er i bruk ved alle vidaregåande skular i Noreg. Løysinga til Visma inneheld også løysingar for bibliotek, kopiering og kantine, men ikkje skuleskyss eller adgangskort. 

Visma har alle skulane i Troms, Finnmark og Agder - og i tillegg eit 50-tals offentlege og private skular i andre fylke, ifølge salgssjef Ellen Margrethe Sæthreng. 

Brukarane i PocketID har tilgang til det same som i Visma si løysing - men i tillegg kan dei bruke appen som adgangskort. 

Frå skule til næringsliv

Få gratis nyhetsbrev

Abonner på Shifters nyhetsbrev for de siste nyhetene, trendene og analysene.

Nettopp det som skil dei frå konkurrenten, det mobile adgangskortet, vil dei bruke når PocketID no siktar mot kundar i næringslivet. 

Medan tilsette vil sleppe å bruke (og hugse) det fysiske adgangskortet med bruk av PocketID-appen, er gevinstene ifølgje Reed endå større for leiinga i bedriftene. 

– Fagskulen på Gjøvik oppga at dei umiddelbart sparte 33 dagsverk på ein haust ved å innføre vårt system, fortel Reed. 

Programvaren til PocketID fungerer på den måten at han «snakkar» med dei ulike låsesystema og henter oppdatert info om kven som skal ha tilgang kor -via kjernesystemet til bedrifta. 

Informasjon blir henta kontinuerleg.

– Per no er det vanlegaste å «punche» inn manuelt når nytilsette skal ha tilgang eller tilganger skal endrast. Gjennom vårt system kan ein sette opp eit sett med regler for ulike grupper og deretter går det automatisk når nye tilsette blir lagt inn i ei gruppe eller personar blir flytta til ny gruppe i kjernesystemet, sier Reed. 

Tilgangene blir automatiserte og du kan styre dei i eit dashboard med eit enkelt brukergrensesnitt. 

Reed fortel at dei er åleine om løysinga. 

– Vi kjenner ikkje til nokon andre som kommuniserer med ulike låsesystem, kontinuerleg tilsett-data frå bedrifta og tilbyr mobil døropnar. Det har sjokkert meg litt, kvifor ingen har tenkt på dette før. 

Fyrste kunde på plass 

Selskapet er i dialog med fleire av låseselskapene, deriblant Salto Systems. 

– Vi presenterte løysinga for Salto i Noreg. Få dager seinare ønska dei at me presenterte for leiargruppa deira i Norden. Me ser at interessen er stor og at dei ser behovet, seier Reed. 

Breim: Gründer Rune Sunde (frå venstre), gründer og dagleg leiar Sindre Seppola Reed, Reidun Aasen frå Innovasjon Norge og kommunalminister Erling Sande og gründer Per Svein Reed.

Han fortel at dei retter seg mot større private og offentlege verksemder. 

No har dei nettopp hanka inn den fyrste kunden - Direktoratet for Byggkvalitet - som held til i Oslo og på Gjøvik. Dei har til saman 200 tilsette. 

Denne veka vitja kommunal - og distriktsminister Erlend Sande gründerane på Breim i Gloppen. 

Der foretok han ei digital snor-klipping og ga dei tilsette i direktoratet sine rette tilgangar. 

Dei siste par åra har selskapet hatt ei omsetning på tre millionar og eit overskot på rundt ein halv million. Då har dei vore 1-2 tilsette. Frå januar er dei fem. 

Han ønskjer å få fram at dei har hatt eit godt samarbeid med Innovasjon Norge og innovasjonsselskapet Kunnskapsparken Sogn og Fjordane. I 2024 kan bli aktuelt å nytte seg av vekstgarantiordninga til Innovasjon Norge, der ein kan låne opptil fire millionar kroner. 

Varslar taktskifte

– Kva er ambisjonane vidare no? 

– No gjer vi eit taktskifte inn mot næringslivet. Målet er å kome lengst mogleg før vi hentar inn ekstern kapital. Vi vil satse inn mot kontorbedrifter i Noreg og så vil vi få inn pilotkundar i Norden. Vi har ambisjonar om å nå ut i Norden og Europa, men vi er litt smålåtne vestlendingar veit du. 

(Smålåten betyr ein person som er blyg, stillfarande og ikkje stikk seg fram.) 

Men kanskje er ikkje Reed såå smålåten som han vil ha det til, for han skyt inn dette: 

– Ein treng ikkje halde til på Lysaker for å kunne drive med tech-innovasjon.