OPPKJØP

Friskus-gründer sel babyen og siktar mot 300 kommunar

I seks år har Sigrid Petersson Nedkvitne jobba døgnet rundt. No sel ho Friskus, aktivitetsplattforma som gir deg oversikt over kva som skjer i din kommune, til Compilo.

Sigrid Petersson Nedkvitne og John Tonheim under Arendsalsuka i august.
Publisert

– Det har vore blanda kjensler rundt salet, men no kjennest det veldig rett og fint. Friskus er i gode hender og eg og dei tre tilsette er med vidare, seier Sigrid Petersson Nedkvitne frå Voss.

Nedkvitne kan ikkje seie noko om kva ho fekk for selskapet. Ho hadde omlag halvparten av aksjane, mens resten av eigarane var frå engleinvestornettverket til Connect Vest i Bergen. 

Dei fyrste som gjekk inn som investorar i selskapet var Voss Sparebank og Hakatai, investeringsselskapet til gründer og tidlegare kulekøyrar Hans Engelsen Eide. Deretter gjekk fleire av investorane i englenettverket inn i selskapet. 

– Bra for investorane 

– Dette oppkjøpet er bra både for gründeren, kundane og investorane. I mange startups er det vanskeleg å få ein exit for investorane. Dei fleste startups lukkast ikkje, seier styreleiar Ivar Borge i Friskus. Han er også aktiv i englenettverket til Connect Vest. 

– Englenettverket har vore viktig for Friskus. Selskapet har henta kapital der i to omgangar. No blir det veldig bra for Friskus å bli ein del av ein større familie og få tilgang til ein større marknad, seier Borge. 

Han fortel at investorane i Friskus både har investert med hovudet og hjarta. 

– Dette er eit produkt som betyr mykje for mange. Ein gjer noko meir enn "berre” å venta kapital tilbake, seier Borge.

Er i 50 kommunar 

Sidan 2017 har Nedkvitne skapt aktivitet - og samhandlingsplattformen Friskus. 50 kommunar i heile Noreg brukar plattformen. På plattformen får innbyggjarar informasjon om kva for aktivitetstilbod som finst. Samtidig skal plattformen styrkja samarbeidet mellom kommune, private og ideelle aktørar. Ho kom frå stilling som avdelingsleiar i kommunen då ho såg det var behov for betre samarbeid og meir informasjon ut til innbyggjarar, og starta opp Friskus. 

– Altoppslukande og fantastisk

– Å få jobbe med dette temaet som eg er så opptatt, av har vore heilt fantastisk. Det har gitt meg meining med livet. Samtidig er det altoppslukande. Gjennom Compilo får me no tilgang til 300 kommunar. No løftar me Friskus eit hakk vidare, seier Nedkvitne. 

Ho ser fram til å kunne samarbeida med teamet i Compilo om vidare digitalisering og innovasjon i kommunal sektor, og nå ut med kunnskap om Friskus. 

Sosialentreprenør Sigrid Petersson Nedkvitne kjempar for at barn frå vanskelegstilte familiar skal få delta på lik linje med andre. Her saman med familien iført Friskus-t-skjorter.

– Veldig fin sosial profil

Compilo fortel kvifor dei har kjøpt opp selskapet. 

– Det Friskus leverer har ein veldig fin sosial profil ut mot innbyggjarar. Det passer fint med korleis me tenkjer om at kommune og innbyggjarar skal utvikla tenester i samarbeid, seier John Tonheim, gründer og dagleg leiar i Compilo. 

Han er sjølv gründer og starta programvareselskapet i 2004, frå eit loft i Hydro sine lokale i Høyanger. Selskapet er marknadsleiande inn mot norske kommunar og leverer kvalitetssystem, verktøy for leiing, applikasjon for meldingar til innbyggjarar og selvbeteningsverktøy for innbyggjarar. Dei held til i Høyanger, i Ålesund og på Fornebu. No kjøper dei altså opp ei anna vestlandsk programvarebedrift.

– Det er smått utruleg det dei har fått til, med utgangspunkt i Voss. Det er eit lite eventyr. No skal me jobba saman og passa godt på det som Sigrid og dei tilsette har skapt, seier Tonheim. 

– Ein match mellom menneska

Sogningen trekker fram at han og Nedkvitne er match på fleire plan. 

– Me er vestlendingar begge to og traff kvarandre på verdigrunnlag. 

– Kva er det som kjenneteiknar vestlendingen? 

– Openheit og høgt under taket, rom for å vera ueinige, hardtarbeidende og ein veldig stayer-evne. Det er ikkje berre to datasystem som er fine saman, men her er det også ein match mellom menneska. Den kulturen me får internt, er også den me deler ut til våre kundar, seier Tonheim. 

 Vidare ut i Skandinavia 

– Kor kjapt kan Friskus bli integrert og vera tilgjengleg for dei 300 kommunane? 

– Om dei vil så kan dei bestilla frå neste veke. 

Compilo har også kundar i Sverige og har planer om å etablera seg i Finland. 

– Friskus vil vera like aktuelt for kommunar i dei andre nordiske landa, seier Tonheim.

Dette biletet viser korleis Friskus fritidskonto fungerer.

– Skal sleppa fattigstempel

Det Nedkvitne særleg ser fram til no etter oppkjøpet er å rulla ut Friskus fritidskonto i heile landet. 

Dette er ei digital løysing for korleis låginntektsfamiliar kan få gratisbillettar og pengar på ein fritidskonto. Kommunen eller hjelpeinstans kan overføra pengar til den enkelte familie. Via fritidskontoen kan ein til dømes betala treningsavgift i idrettslaget eller påmelding på teaterkurs. 

– Tidlegere har vanskelegstilte familiar måtte ta direkte kontakt med idrettslag eller teatergruppe for å be om å hjelp til betaling. Me ønskjer at folk skal sleppa å stå med lua i handa og fattigstempel i panna, seier Nedkvitne. 

I løpet av dei siste par åra er det delt ut 45 millioner kroner gjennom Friskus fritidskonto. 110.000 barn høyrer til familier med vedvarande låginntekt, viser tal fra Statistisk sentralbyrå. Det utgjer 11 prosent av alle barn i Norge. 

– Denne løysinga kan no nå ut til 300 nye kommunar. Me veit at mange har behov for ei slik løysing og det er ingen andre i Noreg som tilbyr noko liknande.

Innbyggjarar, lag og foreininger brukar Friskus gratis, mens den enkelte kommune betaler for abonnement. Denne betalingsmodellen vil halda fram også etter salet.

Få gratis nyhetsbrev

Abonner på Shifters nyhetsbrev for de siste nyhetene, trendene og analysene.

Dette biletet viser korleis Friskus fritidskonto fungerer.